Om Amalie

Personlige historier

Amalie kom til verden noen dager før termin, hun spiste aldri nok selv og etter noen måneder fikk hun innlagt PEG og trenger fortsatt ernæring via den lille knappen på magen.

Amalie er vårt tredje barn, og kom velskapt til verda nokre dagar før termin. Ho vog flotte 3480 gram og var 48 cm lang. Ho tok fint brystet på fødeavdelinga, og alt var vel så langt. Etter nokre veker heime byrja mamma å bli uroleg. Brystmjølka strauma over, men Amalie ville ikkje ha særleg med mat. Ho låg berre nokre minutter på eit bryst, og so berre spytta ho ut mjølka. Eller ho byrja å skrika. For ho likte å liggje ved brystet. Det var berre det at ho ikkje ville ha maten som kom ut av det. Mamma var konstant mjølkesprengt, og måtte pumpa seg fleire gongar for dagen for å unngå betennelse. Samtundes byrja Amalie å få kolikk, og kunne skrika i fleire timar på kveldane. 

 

På seks vekers kontroll hadde ho berre lagt på seg ca. 300 gram sidan ho blei fødd. Så då starta runddansen med køyring frå heimen og til Voss mange gonger for veka. Me prøvde kiropraktor mot kolikken, var på vektkontrollar, og legebesøk. I tillegg var det innkjøp av flasker for å tilby ho morsmjølkerstatning. Etter 10–20 ml var ho mett. Det underlegaste er at me nesten ikkje hugsar noko særleg frå dei 3 fyrste månadane av livet hennar. Antageligvis var me veldig slitne.
 

 

Vil du lese resten av denne historien?

Registrer deg som medlem

Allerede medlem - logg inn her